Britt Julusmoen Bakk

Britt er oppteken av at kundane alltid skal føla seg velkomne i banken - og samstundes få rettleiing om å ta gode val. Ho tykkjer det mest givande med å jobbe i Sogn Sparebank er å få vere med å bidra til at kundane får realisert sine mål og draumar for seg sjølve, og det lokalsamfunnet dei er ein del av. 

På fritida likar ho å reise, gå på konsertar og generelt bruke tid saman med gode vener og familie. 

Britt jobbar som rådgjevar med finansiering som sitt hovudfagfelt. 

Nøkkelinformasjon

Avdelinger

  • Lærdal
  • Aurland