Kristin Heggen

Kristin er frå Nordfjordeid og begynte med forsikring i 1996. Ho har ei allsidig utdanning, mellom anna innan handel og kontor, teikning og formgjeving. Før ho begynte med forsikring har ho jobba som kontorassistent, lønsansvarleg og personalkonsulent innan skipsindustrien.

Kristin synest det kan vere utfordrande å selge eit produkt som kundane håpar dei aldri får bruk for. Ho prøver alltid å snakke kundane sitt språk og ikkje bruke for mykje faguttrykk. Det er viktig for Kristin at kundane forstår kva dei kjøper og kvifor det er viktig å ha forsikringar.

Nøkkelinformasjon