Kontor: Førde
Magn Henning er frå Naustdal og bur no i Førde. Han er utdanna innan økonomi og administrasjon. Han starta hos oss i 2008, først som rådgjevar på personmarknad og i 2014 gjekk han over til bedriftsmarknad. I tillegg til å vere kunderådgjevar er Magn Henning bransjeansvarleg for bygg og anlegg. Han har 10 års erfaring som forskalingssnikkar og kjenner denne bransjen godt.
Magn Henning synest det viktigaste og mest spennande med jobben er å finne gode løysingar saman med dei dyktige kundane i regionen, og å vere med å realisere gode prosjekt som fører til at næringslivet og lokalsamfunnet kan utvikle seg.