Marlene Solheim Berg

Marlene er oppvaksen i Florø i Kinn men bur i Førde i Sunnfjord. Ho starta å jobbe som kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane i juni 2022, og har nokre år erfaring frå både Nordea og Nordea Direct før dette.

Jobben som kunderådgjevar er spennande og givande, og det aller kjekkaste er at kvar individuelle kunde har ulike behov. Ho vil at kundane skal være fornøgde og synes det er viktig å være effektiv, positiv og tilgjengeleg. Marlene synast det er kjekt å kunne hjelpe kundar i alle livets fasar, og motiverast av å finne gode løysningar for kundar samstundes at man ser dei individuelle situasjonane og gir god oppfølging. Ho vil at kundane skal kjenne seg sett, høyrt og trygg - og presiserer kor viktig det er at kundane alltid oppleva banken som nær og lett tilgjengeleg sjølv til tross for eventuelle geografiske avstandar.  

Nøkkelinformasjon