Oppretting av ny grunneigedom er søknadspliktig jf. plan- og bygningsloven (pbl) § 20-4 d) og du må søkje kommunen om løyve. Eit slik løyve er eit trinn nr. 1 i ein saksbehandlingsprosess, der trinn to er å avhalde ei oppmålingsforretning. Gjennom oppmålingsforretningen får den nye enheta eit eige gårds- og bruksnummer, eventuelt eit eige festenummer. Den nye eininga blir registrert i matrikkelen.
Det kan vere ein fordel å be om eit møte med oss først, om du har planar om deling av eigedom etter plan- og bygningslova. Det kan gjelde forhold til plan (kommuneplan, reguleringsplan), biologisk mangfald, rasfare, jordlov, nabovarsel og dispensasjon frå kommuneplan /reguleringsplan.
Kven kan søkje?
I følge plan- og bygningsloven § 21-1 sjette ledd, er det kun den som er nevnt i matrikkellovens § 9 som kan søkje om tillatelse til opprettelse av ny eigedom. Det vil i dette tilfelle sei at:
- Grunneigar, altså den eller dei som er registrert som i heimel i matrikkelen.
- Personar som gjennom ein rettskraftig dom er kjent som eigar til den delen av eigedommen som ønskast frådelt.
- Personar som har innløyst festegrunn etter lov om tomtefeste.
Dersom andre enn nemnt ovanfor skal søkje, må det framleggast skriftleg fullmakt. Fullmakten må vere datert og eintydig.