Landbruk

Kommunen er landbruksstyresmakt og har avgjerdsmakt i saker etter jord-, skog- og konsesjonslov, forureiningslova og fleire tilskotsordningar som gjeld jord- og skogbruk. 

Kommunen skal vere ein aktiv landbrukspolitisk aktør ved å bruke juridiske, økonomiske og administrative verkemiddel. Dei landbrukspolitiske verkemidla skal forvaltast i tråd med nasjonale og regionale mål for landbrukspolitikken og tilpassast dei lokale forholda. Kommunen skal leggje vekt på både å utvikle det tradisjonelle landbruket og oppmuntre til nye næringar. Landbruket skal bli integrert i andre samfunns-, planleggings- og næringsutviklingsarbeid.

Vi kan svare på spørsmål om ulike tilskot i landbruket (jordlova, skoglova), konsesjon og areal på landbrukseigedom (konsesjonslova), dyr på beite i utmark, nydyrking, landbruksveg, jegerprøve, autorisasjonsordninga for plantevern, ureining frå landbruket, landbruksveg med meir.

Nøkkelinformasjon