Vanylven kommune har ledige tomter i fleire av bygdesentera i kommunen. I kartet finn du ei detaljert oversikt på kva dei ledige tomtene er plassert. Tomtepriser 282 kr pr m². I tillegg kjem kostnad på oppmåling og tinglysing av skøyte.
Kart over dei kommunale bustadtomtene finn du her.
Vanylven kommune har utelige av bustadar. Kommunal bustad er i utgangspunktet eit midlertidig tilbod om å leige ein bustad som Vanylven kommune eig. Bustadane er eit av fleire tilbod vi har, for å hjelpe deg som har problem med å skaffe deg bustad sjølv.
Vanylven kommune gir eit etableringstilskot på kr. 100.000 til bygging eller kjøp av ny bueining, slik det kjem fram i framlagde retningsliner.