Det er kommunens oppgåve å tildele eller endre offisielle adresser. Dette vert gjort etter matrikkellova § 21 og matrikkelforskriften §§ 50-54. Adresser og skilt skal sørge for at alle på ein lett og forståelig måte skal kunne finne fram til bygningar. Adressa skal også kunne brukast av navigasjonssystem for å finne fram til rett stad. Ferdige vegnamn og husnummer vises i karttenesten www.sunnmorskart.no
Ei offisiell adresse består av et vegnamn, eit husnummer og eventuelt ein bokstav. Adressene skal vere i stigande rekkefølgje langs ein veg. Nummereringa følgjer prinsippet om partal på venstre side, og oddetal på høgre side. Retninga gjeld i hovudsak utifrå kommunesenteret Fiskå. Dei fleste vegane har fått avstandsnummerering, gjeve opp i næraste heile timeter. T.eks 430 meter frå startpunktet vert nr 43. I tettbygde område er det fortløpande nummerering. Kvart hus får eitt nummer.
Avdelinger